Variert UKM-kveld på Bygdheim

Variert UKM-kveld på Bygdheim

Bygdheim var plassen for midsundungdommen også i år. Her fann vi arrangørar, sceneteknikarar, konferansier, kunstnarar, og filmskapar, musikarar, skodespelarar, dansarar og songarar. Til saman var det 41 påmeldte, som til saman gav oss ein flott og meir variert UKM-kveld enn vi er vande med. Ein fin auke var det også frå i fjor i tal deltakarar. Det var 14 sceneinnslag, deriblant ein film, og presentasjon av dei 6 kunstnarane som stilte ut sine produkt.

Øyavis – ÅSHILD MELKERAAEN

Det vi tidlegare kjende som Ungdommens kulturmønstring, har frå i år skifta namn til «Ung kultur møtes». Men forkortinga er den same, og konseptet er som det har vore- ein gigantisk nasjonal satsing på formidling av ungdomskultur. Og det er rundt i kommunane det skjer i fyste omgong.

Andrea Hånes var konferansier. Ho leia oss gjennom førestillinga på stødig og sikkert vis. Uredd, naturleg og omtrent utan bruk av manus, fekk ho god kontakt med både artistar og publikum, tok uventa situasjonar på strak arm, og spedde til og med på med ein vits når høvet gav seg. Her har vi et konferansiertalent!

Første artistar ut var Elina Orseth og Maja Heggdal Lyster med «Uncover» av Zara Larson. Eit flott opningsnummer, med to fine, samstemte stemmer. Deretter var det kveldens yngste, Mille Maria Sandnes, sin tur. Ho song vakkert og klokkereint og med god formidlingsevne «Castle on a Cloud» frå musikalen «Le Miserables». Det gjorde også Sandra Lillebø på sin «Sad song». Langt frå «sad» var Monica Nekstad, som song «Pang» med stor entusiasme som smitta over på publikum. Vi har mange unge songtalent som vi gler oss til å høyre meir frå. Ina Marie Risvik høyrer definitivt til desse. Ho song «Yours» i lag med Siv Kristine Skjønhaug på piano. Elida Nautnes hadde med seg to venninner frå Gossen, Ihne og Olivia Småge Hunnes. Trioen song ein kreativ miks av tre låtar, til godt og stødig gitarspel frå Ihne. Dette var relativt avansert og flott å høyre på. Meir av dette!

Rett før pause, fekk vi presentert på storskjerm dei 6 kunstverka som stod utstilte i kinokafeen, saman med kunstnarane. Dette var eit fint avbrekk, med kunst frå Oda Ramsvik, Siv Marklinn Berg, Eva Dibbert, Stine Skogvoll Opstad, Maja Heggdal Lyster, Marie Linnea Svendsen og Kine Raknes. Dei fleste var acryl-måleri, laga på kunstkurs med Lala Podoprigor før jul, medan Eva hadde laga eit akt- bilete med kolstift. Dette var imponerande detaljert og flott laga!

Etter pause fekk vi sjå eit teatertablå – laga spesielt for anledninga. Lars Hansen, Ina Marie Risvik, Oda Blø og Siv Marlinn Berg viste oss Mr Lees talentshow, på ekte japansk vis, med diverse forviklingar og misforståelsar. Dette var kreativt og artig laga, gode skodespelarprestasjonar, og mange gode poeng. Dette lovar bra for revylivet i kommunen framover!
Svært godt laga, både teknisk og innhaldsmessig,  var også filmen til Håvard Bjørnerem – «The Vine». Dette var ein film med ein svært aktuell og viktig bodskap: Kva kan mobbing og trakassering på nett og mobil gjere med folk? Håvard beherskar symbolbruk og effektar som gjer filmen ekstra sterk. Håvard hadde også laga film til UKM i 2015, som gjekk heilt til landsfinalen. Dette kan han!

Vidare vart det meir musikk. Siv Marlinn Berg er ikkje berre kunstnar. Ho imponerte også med si særeigne stemme og uttrykk i låta «Stitches», som ho song saman med mora, Ina Berg. Vakkert!
Erlend Solemdal frå Molde spela eit nydeleg melankolsk improvisert pianostykke. Kjekt å høyre instrumentale nummer også.
Det er langt mellom banda for tida. Tradisjonen med å spele i lag er ikkje så sterk lengre. Men Johan Hansen, Martin Hansen, Ivar Silset Opstad og Elida Nautnes greidde det, med litt drahjelp frå kulturskulen. Dei framførte «Creep» av gruppa Radiohead. Her var det gode enkeltprestasjonar, og flott samspel! Elida si særeigne stemme passa godt til låta. Dette samarbeidet må dei halde fram med!
Maja Gangstad Engeli rørte både jury og publikum med sitt eigenkomponerte nummer, «I Walked into Love», der ho både song og spelte gitar. Ho er eit stort songtalent som kan nå langt!
Til slutt vart scena rydda, og det vart gjort klart til «Dans». Dei fire dansarane Olivia Tomren Løken, Magnhild Beate Orvik, Bodil Kristin Nygård og Jenny Olea Opstad imponerte både med koreografi og utføring. Kjekt at vi får sjå slikt på UKM!

Så skulle det takkast, delast ut blomster og diplomar til alle. Ikkje alle deltakarar synes like godt under førestillinga, men dei er ikkje mindre viktige for det. Lyd og lys- teknikarane Heine Blø og Viktor Heggdal var med og fekk det tekniske til å fungere, i lag med mentor Joachim Orvik, og det gjorde det til gangs. Flott lyd i salen, og kreativ lyssetting. Arrangørar var ungdomsrådet:  Simon Sandvik, Håvard Bjørnerem, Siril Ræstad, Oliver Heggdal og Julie Todal, medan Sara Heggdal tok bilete under førestillinga. Takkast skulle sjølvsagt også Musikklubben, representert ved Joachim Orvik og Tonny Bugge, som stod som teknisk arrangør.
I juryen fann vi Monica Tangen, Eva Gangstad og Johanna Kirkeland. Dei skulle skrive vurderingar på alle deltakarane, og fekk den vanskelege oppgåva det var å plukke ut dei som skulle gå vidare til fylkesfinalen, som skal vere i Aure 15. -17. april. Kvar kommune kan sende tre sceneinnslag, 1 film og to kunstverk, i tillegg til konferansierar, nettredaksjon, arrangørar og scenearbeidarar. UKM er ikkje ein vanleg konkurranse der ”vinnarane” blir premierte. Det aller viktigaste er å ha det gøy, og møte andre likesinna!
Dei som går vidare, skal spegle mangfaldet i kommunen, og dette kan variere frå år til år. For å bli plukka ut, må ein vere mellom 13 og 20 år. Det var fleire på mønstringa som var for unge til å gå vidare, men dei får sjansen i mange år framover.
Vel blåst UKM 2016!
Vi gler oss til neste år!

Desse 16 vart plukka ut til å representere Midsund
på fylkesmønstringa i Aure:
• Andrea Hånes – konferansier
• Eva Dibbert – kunst: «Akt»
• Oda Ramsvik – kunst: «Ballerina»
• Håvard Bjørnerem: film: «The Vine»
• Elida Nautnes, Martin Hansen, Johan Hansen, Ivar Opstad – band: «Creep»
• Maja G. Engeli – sang/ gitar:  «I Walked into Love»
• Olivia Tomren Løken, Magnhild Beate Orvik, Jenny Olea Opstad, Bodil Kristin
Nygård – «Dans»
• Viktor Lyster – scenetknikk
• Heine Blø – sceneteknikk
• Siril Ræstad – arrangør

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author