logo.jpg (10250 bytes)

NOVEMBER 2009


Salsmesse i husflidslaget

– Husflidslaget har i år vore litt rundt og besøkt andre julemesser i området. Og vi har i alle fall funne ut at vi har ei svært god og variert messe her på Heggheim. Også i år var det bra sal sjølv om vi merka konkurransen med cupfinalen, uheldig var det og at det vart ein feil i minibanken, noko som gjorde at salet stoppa opp, seier Hanna Opstad som har vore leiar i Husflidslaget sidan det vart starta opp med julemesser for 11 år sidan.
Sjølv om det var litt mindre folk i år var salet godt og dei fleste utstillarane var godt fornøgd. Dei fleste utstillarane hadde vore her før, men det var og nokre nye, og dei som hadde vore med før stilte med andre varer.
Dei som deltok på årets julemesse på Heggheim var Reidun Solberg og Marie Nygård som selde forskjellige strikkearbeid og tova ting, Åse Paulsen hadde garn og skinnfellar, Emma Ildhusøy frå Molde som deltok på messa i år med sy og strikkearbeid og arbeid i lappeteknikk. Aud Kanestrøm hadde forskjellige smykker i glass, frå Tremek i Vestnes stilte avdelingsleiar i keramikkavd. Peggy Bergum med ting laga ved denne avdelinga, Janne Svendsen var der med lappeteknikk, Barbro Eide og Hilde Sørmoen hadde strikka og tova arbeid, Ellen Finstad hadde lys i alle variantar, Arnold Eide var der også i år med fine dreia ting i tre, Målfrid Gangstad selde ting som var laga i Husflidslaget.
– I år var det også ein utstillar som ikkje kom, så vi hadde faktisk ein ledig plass. Og vi er i planleggingsfasen for neste års messe, for at det skal bli variasjon har vi alt no tinga fleire utstillarar til neste år, seier Hanna Opstad.


Peggy Bergum frå Tremek as i Vestnes stilte denne gongen med keramikk.


Aud Kanestrøm med mellom anna smykker i glass.


Barbro Eide og Hilde Sørmoen hadde strikka og tova arbeid.


Arnold Eide stilte også i år med fine dreia ting.

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82