|
Ja tida går.
No er det gått 40 år sidan Midsundbrua vart offisielt
opna og det har og gått 40 år sidan Midsund skule vart
innvigd. To store byggverk i kommunen vart ferdig dette året
og drivkrafta bak var dåverande ordførar K.K. Sjøvik.
Den 28. juni 1969
vart Midsundbrua offisielt opna. Den gongen var dette ei av dei største
bruene i fylket med sine 408 meter og ein kostnad på 2,5 mill.
kroner. På opningsdagen var det stor festivitas. Fylkesmann
Sandane gav honnør til kommunen for den innsatsvilje og energi
som var vist i arbeidet med å få til brua. Statsminister
Per Borten stod for den offisielle opninga og etterpå vart gjestane
inviterte til festsalen i nye Midsund skule, der det vart servert
kveite.
Og knappe to månader seinare var det ny festivitas i Midsund.
Midsund nye skule vart vigsla den 22. august der mellom andre skuledirektør
Anders Stølen, kontorsjef Odd Kvilekval, arkitekt Ivar Bjordal
og idrettskonsulent Kåre Viken var mellom dei prominente gjestane
i ein fullsett gymsal. Skuledirektør Anders Stølen helsa
frå kyrkjeminister Bondevik. Når det gjeld Midsund
barne- og ungdomsskule er det vist mykje fordomsfri tenking og framsyn,
sa skuledirektør Stølen. Ordførar K.K.Sjøvik
understreka at 1969 ville bli ståande som eit merkeår
i kommunen si historie. Sjøvik takka alle som hadde hatt med
planlegginga av den 9-årige skulen å gjere. Ein spesiell
takk til skuleinspektør Ingolf Svinnset og til Astrid og Kristoffer
Breivik som hadde stilt tomt til disposisjon. Ordførar K.K.Sjøvik
overrekte så nøkkelen til den nye skulen til formann
i skulestyret, Agnar Opstad. Han overrekte nøkkelen vidare
til skuleinspektør Birger Nygård som igjen gav den vidare
til skulestyrarane Alf Sundsbø og Hallvard Holm.
Då skulen vart innvigd i 1969 hadde klasseromsfløya alt
vore i bruk eit år, for skulen på Idavoll var avvikla
året før. Men no var spesialromfløya med gymsal
og ikkje minst svømmebassenget klart til å takast i bruk.
(Bilde)
Drosjesjåfør Torstein Blø, med blankpussa bil,
tek imot statsminister Per Borten på ferjekaia på Håbet.
Etter opninga var det også Torstein som skulle køyre
statsministeren til middag, men då hadde han begynt å
gå saman med nokre barn opp Jonasineveien. Her traff Torstein
han igjen, men då ville han inn og sjå på konfeksjonsfabrikken
til ordføraren. Her vart han både vel og lenge før
Torstein fekk køyre han til festmiddag på skulen.
|

Den 28. juni 1969 vart Midsund bru opna av dåverande statsminister
Per Borten. Ordførar K.K. Sjøvik til venstre.
Dette
er eit av dei få bilda som er teke då Midsund bru var
under bygging. Bildet er teke/lånt av Lina Kristiansen.

Skuleinspektør Birger Nygård (t.h.) overrekkjer nøkkelen
til nyskulen til barneskulestyrar Alf Sundsbø og ungdomsskulestyrar
Hallvard Holm(t.v.).

Skuleinspektør Birger Nygård (t.h.) overrekte blomster
til formann i byggenemnda Peder Stormyr.

Ein flaggsmykka portal tok imot gjestane då Midsund skule vart
innvigd. den 22. august 1969.
|