JULI 2006

Triathlon



Skiesset Jens Arne Svartedal knuste løyperekorden og vann årets Midsund Triathlon. Men han måtte slite for å halde Morten Eilifsen bak seg. Lovorda om arrangementet hagla frå dei mange idrettskjendisane som deltok. 

Med masse publikum, strålande sol og høg stemning, måtte det bli suksess. 
Etter berre to år er Midsund Triathlon i ferd med å få ein viss status også på nasjonalt plan. Dermed skulle alt ligge til rette for storinnrykk neste år. I år var det 65 som deltok, ei dobling frå sist. 
Toppløparar 
Arrangørane hadde fått ei rekkje toppløparar på startstreken i årets løp. Dei mest kjente kom frå sprintlandslaget på ski. Dagen før hadde dei konkurrert på Åndalsnes på rulleski. I Midsund sto ei langt tøffare utfordring på programmet. 
Skieliten viste styrke og la beslag på alle dei første plassane. Bak dei to på topp, kom Børre Næss og Håvard Bjerkeli, som tydelegvis er i godt slag sjølv om han har gitt seg på toppnivå. Ein annan landslagssprinter, Trond Iversen, låg også godt an, men måtte bryte etter å ha punktert på Midøya. 
Fjorårsvinnar Ole Kristian Silseth vart slått av skieliten, sjølv om han brukte kortare tid i år enn i fjor. Sykkelspesialisten vart hengane litt for langt etter over fjellet, og greidde aldri å ta att dei beste på sykkelstrekket. 
Mange lokale deltok, men dei greidde ikkje heilt å konkurrere med proffane. Dei som gjorde det skarpast var Kjell Rimereit og Even Kirkeland, samt kommunelege Frode Engtrø. 
Triathlon–løypa i Midsund har ein beintøff start. Først er det ei 2598 meter lang strekning frå Senteret til Digergubben som er ein topp på 527 moh. Til tider er stigninga på over 40 grader. Vidare går vegen ned til Sør Heggdal. Totalt 7371 meter. 
Derifrå er det ein sykkeletappe på 22 kilometer frå Sør Heggdal til Midsund sentrum, vidare rundt Midøya og tilbake til Midsund der 200 meter symjing avsluttar løpet. 

Knallhardt 
Jens Arne Svartedal vedgår glatt at det var eit knallhardt løp. Spesielt den første stigninga opp til Digergubben. Der vart han hengane etter ungguten Morten Eilifsen, som nådde Digergubben på under 20 minutt. – Det var nok litt bevisst at eg la meg bak, men eg greidde å utlikne avstanden nedover til Sør Heggdal, seier Svartedal. Dermed starta dei to likt då sykkeletappen begynte. Langrennsløparane trenar ein god del på sykkel, og det vart ein hard kamp mellom dei to. Men på dei siste kilometerane rykte Svartedal frå, og var 35 sekund føre i mål. Med tida 1.21.30 knuste Svartedal løyperekorden til Ole Kristian Silseth med nær 10 minutt. 
-Sjølv om det var frykteleg tungt, var dette kjempegøy. For oss langrennsløparar var dette ei skikkeleg hard treningsøkt, seier Svartedal som lovprisar arrangementet, og han kjem gjerne igjen neste år, om veret blir like bra. 
Eilifsen var sliten etter kraftprøva, men deppa ikkje etter å ha blitt slått av Svartedal. Rindal Troll løparen imponerte på strekket opp til Digergubben. 
– Eg likar meg best på tøffe strekk, seier han. Nedoverbakke og sykling i flatt terreng er han ikkje så begeistra for. Det er første gong han deltek i triathlon, men det gav meirsmak for ungguten som har ambisjonar om å kome på A-landslaget i langrenn. 


Ordføraren i Midsund, Helge Orten, går over mål saman med Jenny W. Svorkmo frå NIO Triathlon, på tida 1.47.33. Svorkmo kom på tredjeplass i kvinneklassen. Ordføraren kom på ein imponerande 14. plass i seniorklassen.


Kjell Rimereit var første midsunding i mål. 


Vinnaren av Triathlon, Jens Arne Svartedal, i det han legg ut på sykkeletappen frå Sør Heggdal.


Vinnaren Svartedal (t.v) måtte stå på til siste sekund for å slå Morten Eilifsen (t.h) som imponerte stort. Her er dei to komne i mål, med berre 35 sekunds mellomrom.


Kommunelegen i Midsund, Frode Engtrø, i det han går i det iskalde vatnet for å ta svømmeetappen.


Even Kirkeland på veg mot Midøya, på den 22 km lange sykkeetappen. Kirkeland var den første frå Midsund IL som kom i mål.


Med 65 startande på Triathlon vart deltakinga ei dobling frå i fjor. Jentene var og godt representert med totalt 12 startande.

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82