| 21.
april var det 50 år sidan ferjesambandet mellom Midsund-Håbet
og Ørsnes vart opna. Dermed var det ikkje lengre rutebåten
som knytte midsundingane til Sunnmøre.
Etterlengta
-Eit lenge etterlengta forbindelsesledd, heiter det i avisreferat
frå opninga.
Og ifølgje talane på opnings¬dagen var kravet om
ferje mellom Midsund og sørover mot Ørs¬neset, gamalt.
Det var først reist av Knut Andersen Rakvåg alt 50 år
tidlegare, vart det sagt.
-I mange år har det vore arbeidd for å få i orden
dette integrerande leddet av vegen mellom Ålesund og Molde gjennom
ytre strøk. Og gjennom tidene har det stått på
midlar, tilførselsvegar og ferjer. Men dette viktige kravet
frå ytre strøk vart til sjuande og sist tatt alvorleg
av styresmaktene, heiter det.
Ordførar Dyrseth i Sør Aukra sa at første befaring
på aktuelle stader for plassering av ferjekaier vart gjort i
april i 1952. Etterpå vart nødvendige vedtak gjort i
kommunestyra i Sør Aukra og Vatne. Å bygge dei tre ferjekaiene
med tilførselsveg var kostnadsrekna til 220.000 kroner, som
vart delt mellom dei to kommunane.
Ferjekaiene var ferdig sommaren 1957, men det gjekk ytter¬legare
eitt år før MRF greidde å skaffe ferje.
Første
tur
21. april 1958 la den 38 år gamle «Farmand 1» ut
på sin første tur mellom Midsund og Ørsneset.
-Snøkaven sto så tett då ferja la inntil på
Midsundet etter opningsturen til Ørsneset, at ordførar
Dyrseth i Sør Aukra, berre kort ønskte; « velkommen
tilbake til Sør Aukra» før han ba gjestene opp
på skulen, der det vart servert snittar og kaffi, står
det i referatet.
Med i den selebre forsamlinga var mellom anna direktør Berentzen
og rutesjef Myklebust i MRF, ordførar Sæter i Vatne,
lensmann Viggen representerte Nord Aukra.
Viktig for Midøya
I sin tale la Dyrseth spesiell vekt på at Midøya med
dette nye sambandet vart betre knytt til dei to kommunane øya
ligg under. -Folk har gått og venta på denne ferja i mange,
mange år. Det har vore mange meiningsytringar, men i dag er
alt gløymd. Vi er glad for å ha fått dette ferjesambandet,
sa ordføraren, og takka spesielt K.K Sjøvik for det
arbeidet han har lagt ned.
Sekretær Arne Mordal helsa frå fylkeskommunen og sa at
han beundra Sør Aukra kommune som trass i vanskeleg økonomi,
hadde klart å bygge i alt 2,5 ferjeleie i det siste. Han syntes
det var eineståande at det var så godt samarbeid mellom
ein sunnmørskommune og ein romsdalskom¬mune som det her
var mellom Sør Aukra og Vatne. Han håpa at denne samarbeidsviljen
ville bli meir framtredande slik at ein til sjuande og sist kunne
få viska vekk desse demarkasjonslinjene i fylket.
Til Magerøya
Den nye ferjeruta starta med fire turar på kvardagar og ein
på søndag. Ferja gjekk innom Ma¬ger-øya på
første og siste tur måndag og fredag.
Første tur frå Håbet på kvar¬dagar var
kl 7.45, siste tur frå Ørsnes var kl 17.45.
Rutetilbodet vart auka etter kvart, spesielt i 1967 og 1968. Bygging
av Midsund bru på denne tida var ein av årsakene til auka
ferjeaktivitet.
Fullføringa av brua i 1969 førte til at Midsund vart
nedlagt som endepunkt. Ferjeruta heldt fram mellom Håbet og
Ørsneset fram til 1. april 1970, då ferjekaia på
Dryna vart teken i bruk.
Den første ferja i sambandet var «Farmand 1». Denne
var bygd i 1920, og alt då den vart sett i ruta, var dei klar
over at den ikkje ville dekkje behovet på sikt. Alt same haust
vart den avløyst av B/F «Julsund». Seinare vart
sambandet trafikkert av B/F «Lahela 2» og B/F «Frigg
2». Den siste ferja i sambandet var ti-bilarsferja B/F «Rinna».
I 1959, det første heile driftsåret, vart det mellom
Midsund og Ørsneset frakta 1.178 bilar og 6.999 passasjerar.
Ti år seinare var det auka til 5.294 bilar og 18.654 passasjerar.
Mellom Midsund og Håbet vart det i 1959 frakta 613 bilar og
5412 passasjerar. Ti-året etterpå var det ein enorm vekst.
I 1968 var tala 3.815 bilar og 25.130 passasjerar. Spesielt var auken
stor etter kommunesamanslåinga i 1965.
Slutt for rutebåtane
Rutebåtane var eit viktig transportmiddel for folk her ute på
kysten i første del av førre århundre. Men dei
vart etter kvart færre. I 1949 vart trekantsambandet Sundsbø,
Aukra, Hollingen opna. Ferjene tok over, og det vart slutt på
rutebåten til Molde. Opninga av nysambandet sørover betydde
slutten for rutebåttrafikken til Sør Aukra.
«Brattvåg» som hadde gått i ruta med avgang
frå «Nestebua» kl 06.00 vart pensjonert.
Sjølv om turen til Ålesund tok fire timar -det var eitt
uttal stoppeplassar -var Ålesund gjerne byen som folk i denne
delen av kommunen reiste til på den tida. Om det var forretningar,
handling eller andre gjeremål.
|

Her er eit bilde frå Håbet fergekai. MS «Øystein»
ligg ved sjøbua. Elles ser vi bilane til Alfred Godø
og Trygve Håbet.

Det var trangt om plassen ombord i «Farmann I» som gjekk
i rute den første tida. Det var ikkje alltid enkelt å
få med bussane.
|