logo.jpg (10250 bytes)

APRIL 2008

Husflidslaget 20 år

Foreningslivet ruslar og går i kommunen sjølv om vi ikkje høyrer så mykje til det. Ei forening som ikkje ropar så høgt er Husflidslaget. Dei er kjent for sine julemesser på Heggheim, men gjennom heile året er dei aktive.

-Det er mange som trur at vi er så flinke til alt, men det er slettes ikkje sant. Vi treng å lære nye ting, og vi har og mykje vi kan lære av kvarandre, seier Hanna Opstad som har vore leiar i Midsund Husflidslag i mange år og er ei av dei som har vore med frå starten i 1988.
Mellom 15 og 25 kvinner møtest kjellaren i Nord-Heggdal barnehage på desse møta. Då Øyavis var innom var det malekveld og dei flottast bilde vart produsert under rettleiing av Karin Heggdal. Vidare er det planlagt eit kurs i kakepynting og ein kveld er avsett til å male på tre.
Midsund Husflidslag har no 28 medlemmar, men det er ønskjeleg med fleire. -Ja, dersom nokon er interessert å vere med er det berre å møte opp i barnehagekjellaren i Nord-Heggdal og sjå kor triveleg vi har det. Ellers er alle møta våre opne for alle, seier Hanna.
Sidan det vart stifta i 1988 kan og laget feire 20 års jubiuleum i år. -Det kom plutseleg eit kort i posten og gratulerte med jubileet, men vi har ikkje planer om noko feiring. Vi møtest om lag ein gong kvar fjortande dag. Enten har vi eit eller anna kurs og lærer oss noko nytt, eller så kosar vi oss med handarbeid. Vi har det i alle fall svært triveleg i lag, seier Hanna.
I Øyavis sitt desembernummer i 1988 kan vi lese at Midsund Husflidslag vart stifta søndag 20. november på Nord-Heggdal skule. Ved stiftinga var det 11 medlemmar og det vart valt eit styre på fem. Til leiar vart valt Torill Rakvåg, nestleiar og kasserar vart Anne Kjerstin Heggdal, sekretær Sølvi Nygård og styre¬medlemmar Hildrun Nygård og Edny Raknes Reiten. Vidare vart medlemskontingenten bestemt og husflidskonsulenten i fylket, Marta Soldal, informerte om organisasjonen.

Labbar til dei nyfødde
I Husflidslaget fekk dei ideen om å lage labbar til alle nyfødte barn i kommunen. Og det var ikkje vanskeleg å få flittige hender til å lage dei. No har dei laga 37 par, alle har husflidlaget sin logo, ei åttebladsrose framme på rista, og dei er no levert i ei fin fletta korg til helsesøster Guri Klauset. -Guri tek med seg korga når ho er på sitt første besøk, og dei får då velje seg eit labbepar frå korga, seier damene i husflidslaget som synes dette var ein kjempegod ide.

Den kvelden Øyavis var innom var det kurs i akrylmåling. Rundt bordet sit Sølvi Nygård, Målfrid Gangstad, Hildrun Nygård, Petra Rakvåg, Magny Klauset, Anne Jørgensen, Bente Isaksen, Janne Svendsen, Ingveig Magerøy, Tone Uran Opstad, Laila Gangstad, Mildrid Bjørnerem, Hanna Opstad, Kristi Jenset, Marie Tholvsen Nygård, Reidun Solberg, Svanaug Rakvåg og Karin Heggdal.



Dei fem i Husflidslaget som har laga labbane: Bak Tone Uran Opstad og Hanna Opstad. Framme Laila Gangstad, Ingvild Magerøy og Mildrid Bjørnerem.

 

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82