Øyavis vitjar Grip


Norges minste kommune fram til 1964

Når vi er i Kristiansund, må vi og leggje turen utom Grip, dette særeigne øysamfunnet som fram til 1964 var Norges minste kommune. Saman med ein del turistar og anna feriefolk ruslar vi difor ombord i båten som fraktar oss ut til Grip-øya, den største av i alt over åtti øyer og skjær som ligg strødd utover i ville havet omlag fjorten kilometer nordvest for byen. Og medan strålane frå ei blendande solskive i sørvest gneistrar bortover havflata og småseien leikar i vasskorpa, tøffar båten utover mot dette kjende og mykje omtala fiskeværet med ei dramatisk soge.

Grip har ei soge så langt attende i tida at ingen kan seie sikkert kvar namnet skriv seg frå. Men det dei fleste er samde om er at det måtte vere fisken i havet som fekk dei første menneska til å busetje seg på ei naken øy her ute mot storhavet. I robåten si tid var det om å gjere å vere så nær fiskeplassane som mogleg, både for å ha kortare veg inn med fisken, og ikkje minst for snarare å kunne karre seg til lands dersom uværet braut laus. Og her på Grip kunne fisken takast rett utanfor stovedøra, -riktignok på opne havet, -men lell. Her ute budde i svunne tider hardføre og barske karfolk og seige, sterke kvinner. Likevel blei mang ein mannsrygg krøkt i robåten på veg mot land i stampesjø og snøkave. Og mang ei hustru og mor klamra seg til husnovene i stormkasta og speida etter båten med mann eller son som skulle sørgje for det daglege brød. Mange var det og som aldri kom heim, men bleiv der ute i dei ville brotta medan kvinner og barn sat att i sorg og sakn.



Birger ved den fine altartavla i 
stavkyrkja på Grip.

Fram til 1728 var fiskeværet Grip kongen sin eigedom, men dette året blei været seld til private kjøpmenn i Kristiansund, og frå den tid skifta det mellom stor velstand og den ytste naud og fortviling i fiskeværet. Kjøpmennene som åtte været, var sjølvsagt interesserte i å få mest mogleg forteneste ut av det. Fiskarane blei pålagt å selje fisken sin til væreigarane for den prisen eigarane fastsette. Fiskarane hadde ikkje noko dei skulle ha sagt, og for å få eit endå betre grep på fiskarane, kjøpte væreigarane opp fleire bustadhus på Grip som fiskarane så måtte leige.
Den verste nedgangstida i Grip si soge var perioden frå 1780 til 1820. I 1818 skreiv sokneprest Hans Grøn Bull mellom anna: «Aldri har Grip vært så lite bebodd som nu. Her bor bare 12 fiskere, hvorav noen loser, og dessuten noen enker. De fleste er ytterst fattige». Den sterke nedgangen i folketalet som tidlegare hadde vore oppe i over 400, skuldast mange års mislykka torskefiske og fleire store stormkatastrofer som hadde herja fiskeværet. Under ein kraftig nordveststorm natta til den 28. november 1796 blei såleis hundre større og mindre hus tatt av bølgjene og kasta på sjøen og tre menneske mista livet. Og berre sju år seinare, den 24. februar 1804, stod havet igjen i eit frådande kok og mange båtar og hus blei øydelagde. Gjennom tidene gjekk fiskeværet frå hand til hand mellom dei store fiskekjøpmennene i Kristansund, og den siste av desse som åtte været, var Ludvig Williamsen, som selde Grip til innbyggjarane. På denne tida budde det om lag 200 menneske i dette øysamfunnet.




Fargerike blomar skyt opp av bergsprekkane der Odd sit på svaberga med noko av bebyggelsen på Grip i bakgrunnen.



I det båten glir ut av hamna på Grip står vi att med sterke opplevingar av dette særeigne fiskeværet ute i havgapet.


Men i dag er det ikkje att nokon fastbuande på øya. Dei som no er å sjå her ute er utflytta folk frå været som nyttar Grip som feriestad og elles tilreisande turistar. Der vi ruslar mellom tauverk og fiskegarn denne strålande sommardagen ser vi likevel relativt mange i ferd med å pusse opp og vedlikehalde sommarbustadene sine, medan andre sit og ligg på dei blankskura svaberga og berre nyt livet. Ein frisk bris står inn frå havet, tang daskar dovent i vasskorpa, blomar i alle fargar tyt ut av bergsprekkene, kvite terner gjer elegante stup etter småfisken medan tjeld, måsar og annan sjøfugl sørgjer for ein livleg musikk i dette utruleg fine ferieparadiset.
Om lag midt inne på øya kjem vi til ei lita raud stavkyrkje som ruvar som eit verdig monument over svunne tider og generasjonar. Her har øyfolket, unge og gamle, fiskarar og deira sine familiar gjennom fleire århundre søkt tilflukt både i gode og vonde dagar. Her har dei samla seg for å høyre Herren sitt ord, men i dette vesle gudshuset har dei og søkt tilflukt når storm- og orkankast har rasa over øya og trua med å leggje hus og heimar aude. For kyrkja på Grip har trossa alle stormar og flodbølger gjennom åra og stått urokkeleg på sin plass som beskytta av ei usynleg hand. På ein tverrbjelke inne i kyrkja kan vi lese at ho er bygd i 1621, men etter undersøkingar som er utført ved seinare restaureringar er ein komen til at Grip stavkyrkje må vere mykje eldre, og at dette årstalet som her er nemnt må skrive seg frå ei omfattande ombygging dette året. I tida melom 1470 og 1500 blei det reist små stavkyrkjer på fiskeværa Brattvær og Odden, og ein trur no at kyrkja på Grip og blei oppsett i det same tidsrommet. Det var folket sjølve som kosta bygginga av kyrkjene i dei dagar, og difor blei kyrkjene gjennom tidene folket sin eigen eigedom. Kyrkja stod høgt i ære og både i gode og vanskelegare tider blei kyrkja halden i god satnd. Uansett kor elendig det elles var i hus og heim skulle gudshuset alltid vere i orden.
Møtet vårt med Grip blei ei sterk oppleving. Og der vi står ombord i båten attende til Kristiansund, og Grip-øya og Bratthårskollen med det 47 meter høge Grip fyr, bygd i 1888, forsvinn bak oss, lever likevel tankane i oss om ei tid då slitarane ute i havgapet levde under ein hardare, -men kan hende og ein høgare himmel.

Øyavis ANS,  P.b. 1,  6476 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82