"Idavollrevyen 2002"

Revygjengen på «Idavoll» fekk verkeleg folk til å more seg då dei inviterte til «Idavollrevyen 2002» helga før påske. To fulle hus vitnar også om at revy-interessa er stor.

Det er berre å bøye seg i støvet for eldsjeler som er villig til å legge ned så mykje tid og energi, sjølvsagt for å ha det moro sjølv, men ikkje minst for å glede andre og gjere bygda trivelegare å bu i. Etter eit opphald på ti år vart tradisjonen med revy/bygdafestar på Idavoll teke opp att i fjor. Det er stort sett same personane som var med i år også. 
Innslaga var mange, og tekstane var stort sett sjølvskrivne. Å finne tema frå lokale hendingar såg ikkje ut til å ha bydd på problem. Ikkje alle sketsjane var like vellykka, men du verda så mange artige innslag det var, innslag som fekk folk til å riste av latter. Og det heile vart bunde saman på ein fortreffeleg måte av Johan Oppen, medan den polske innvandraren som ingen greier seie førnamnet på, men med Lech til etternamn, hadde hand om musikken.
Knut Otto Myklebust og Lars Jarle Jenset opna det heile med å parodiere Finn og Dagfinn frå TV Nordvest. 
Så var det Egil Oterhals Bjørnerem sin tur. Han var sentral gjennom heile revyen, og var utruleg morosam og dyktig. Først i rolla som finske Pirrka som skulle ta førarprøven. Når Pirrka har berre to tankar i hovudet; brrennevin og kvinnor, blir det morosamt når han skal tolke dei forskjellige trafikkskilta i sitt bilete.
Bjørnerem viste også stor innleving som «den amerikanske predikanten». Men her var det Magne Ove Dimmestøl, som oversettar, som tok kaka. Latteren runga gjennom erverdige Idavoll så ein til tider hadde problem med å høyre teksten. For underteikna var denne sketsjen utan tvil kveldens høgdepunkt.
At damene på teknisk etat ikkje vil godkjenne å bruke fugeskum i staden for sement når ein skal bygge grunnmur, fekk vi klar beskjed om i «Nybyggjarblues». Lars Jarle Jenset som John Høgset, eller «Skom John» som han også blir kalla, var god. 
John Kåre Akselvoll og Gunn Lech skapte latter i sketsjen «Slik møttes vi». Her var dei godt assistert av Egil Bjørnerem.
Ut frå all turbulensen som har vore kring Tusenårsstaden det siste året, kunne ikkje ein lokalrevy unngå å ta opp dette temaet. Knut Otto Myklebust var sentral i fleire nummer, og har ei fantastisk sangstemme som kjem godt med i ein revy. Som formann i båtlaget gjorde han ei ny stor rolle.
Lokalpolitikken var dei innom både i form av skjetsen «Inhabil» - det er ikkje lett på styre ein kommune der alle er i slekt med kvarandre -eller venskapsbanda er mange.
Kommunikasjon var ein gjennomgangsmelodi i revyen, og då var sjølvsagt bru til Gossen eit tema. Knut Otto Myklebust var igjen frampå. Denne gongen som ordførar Ugelvik.
Midsund Storband varma opp publikum før det heile tok til, og med heile 18 innslag tok det to timar, men det var ikkje mange som såg på klokka og kjeda seg.
Vi skulle sjølvsagt ha nemd mange fleire innslag, men det får vere, likevel; Marianne Matos, Sissel Stormyr og Gunn Lech har vore med i fleire revyar og hadde også sentrale roller i mange av sketsjane.
Mange av dei andre som var på scenen, er ikkje nemnd, heller ikkje dei som står bak og lagar kostymer, sminkar, eller sel billettar. Skal ein revy fungere, må det vere eit team.
Vi gler oss til neste år, og det er sikkert mange fleire i bygda som kunne bidra i ein revy. Så kanskje det blir fleire i revygjengen til neste oppsetjing. 


Opningsinnslaget på revyen på Idavoll. Knut Otto Myklebust og Lars Jarle Jenset parodierer Finn og Dagfinn på TV- Nordvest


Egil Oterhals Bjørnerem som vekkelsespredikant saman med oversettar Magne Ove Dimmestøl. Det absolutte høgdepunktet i heile revyen.


Det å betru seg er «in». Her er Gunn Lindseth Lech og John Kåre Akselvoll i sketsjen «Slik møttest vi». Intervjuar er Yngve Freiholt i Egil Bjørnerem sin skikkelse.


Magne Ove Dimmestøl fekk granske både hjerte og nyrer før det vart snakk om å få båtplass. Her saman med Knut Ove Myklebust i rolla som formann i Midsund Båtlag.


Revygjengen øver seg til opninga av brua mellom Gossen og Otrøya.


Kvinnelege supportarar som haukar og ropar av full hals, er ikkje noko ukjent fenomen på heimekampane til Midsund. Her er det f.v. Sissel Stormyr, Anne Jorun Misund, Gunn Lech og Åse Misund som gjev full hals.

 

Øyavis ANS,  P.b. 1,  6476 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82