MARS 2005

Nøkkelen ligg hos Aukra

-Vi er no nærare eit fastlandssamband enn nokon gong. Men Aukra sit med nøkkelen. Er dei villige til å bruke ein del av dei enorme inntektene kommunen får frå Ormen Lange, kan Møreaksen bli ein realitet. Det er midsundordførar Helge Orten som seier dette etter det felles kommunestyremøtet mellom dei to kommunane 2. mars. 

Temaet for det historiske møtet på Julsundet skule var ei samanslåing av Aukra og Midsund. Men frå alle som hadde ordet i debatten, var det ein klar føresetnad for ei slik samaslåing at det vert fast samband både mellom dei to øyane og over til fastlandet. -Eit fastlandssamband er heilt utslagsgjevande for om det skal bli kommunesamanslåing, fastslår midsundordføraren. 

Positiv vilje 
-Eg synes det kom fram mykje positiv vilje på møtet, seier Orten. Men han vedgår at det kom lite konkret fram. Mellom anna hadde han håpa på at Aukra skulle signalisere meir konkret kor mykje dei vil gå inn med for å realisere prosjektet. 
- Eg synes vi likevel gjennom dette møtet kom eit skritt vidare. I dette spørsmålet må vi vere tolmodige og arbeide langsiktig, seier han. 

Møreaksen 
Olav Hauge (SV) i Aukra var den første som tok ordet i debatten. Han understreka sterkt at ein føresetnad for å lykkast med å realisere Møreaksen, er å trekkje sunnmøringane meir med. - Dette skal opp i fylkestinget og der er det mange sunnmøringar. Bru mellom to øyar på Romsdalskysten har ikkje stor appell, sa Hauge. -Vi må argumentere for eit ferjefritt samband mellom Ålesund og Kristiansund. 
Han var også klar på at dersom Aukra skulle slå seg saman med nokon, var Midsund den naturlege parten. -Ein storkommune med Molde er ikkje løysinga, sa Hauge. -Vi vil ha den penaste, ikkje den største jenta på dansegolvet. 

Historiske røter 
Arnstein Misund (KrF) viste til dei historiske røtene som er mellom Midsund og Aukra. -I Midsund må vi vurdere om vi har ein kommunestruktur som er framtidsretta. Ved ei samanslåing, er Aukra mest nærliggande, men det føreset fast samband. Viss ikkje er Molde mest naturleg, sa Misund. 
Han tala også varmt for at det i eit eventuelt samband mellom Otrøya og Gossen blir satsa på bru og ikkje tunnel. -Ei bru vil bli ein turistattraksjon av dimensjonar, meinte han og viste mellom anna til Atlanterhavsvegen. 
Misund var også innom dei moglegheitene Ormen Lange gjev for Aukra. Kommuneinntektene vert fordobla. -Det er viktig å investere desse i formål som gjev vekst for heile regionen, sa han og håpa at Aukra brukte sine finansielle musklar til å realisere samferdselsprosjekt. 

Optimist 
Varaordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord (Ap) var sikker på at Møreaksen blir ein realitet. -Og det kan skje raskare enn vi trur. Kven var det som trudde på ilandføring frå Ormen Lange til Aukra for fem- seks år sidan? Spurte han. -No er vi i ferd med å bygge ut Noregs største industriprosjekt til 66 milliardar kroner. 
Han minte også om at det i løpet av kort tid er investert 225 mill kroner på grunn av Ormen Lange. 70 mill til utbygging av ferjekaiene. 85 mill kroner til ny ferje og 70 mill kroner til nytt vassverk. 
Ormen Lange gjev oss unike moglegheiter. Vi får store inntekter i 43 år. Vi må tenkje offensivt, var Riksfjord sitt klare budskap. 
Jonas Storvik (Sp) poengterte at det her var snakk om eit langt større prosjekt enn slå saman dei to kommunane. Hovudutfordringa er Møreaksen som vil knyte fylket saman. 

For stor forventningar 
Rasmus Nygård (KrF) Aukra syntes det var naturleg for Aukra å slå seg saman med Midsund. 
- Vi er tilnærma like store og har eit næringsliv som supplerer kvarandre. Han syntes likevel at næringslivet var for lite på banen i denne saka. 
-Det er dødfødt å diskutere kommunesamanslåing om ikkje eit fastladssamband kjem på plass, sa Nygård. 
Han syntes også at politikarane i Midsund hadde for store forventningar til dei finansielle musklane Aukra har. 
Aukraordførar Aud Mork (KrF) sa det var ekstra viktig for Aukra å få fastlandssamband i og med at ein del av kommunen ligg på fastlandet. Når det galdt spørsmålet om kor mykje Aukra var villig til å satse av økonomiske ressursar, kom ho ikkje med noko konkrete lovnader, men ho kom med ei åtvaring til politikarane på Aukra. -Det kan høyrast ut på enkelte aukrapolitikarar at det ikkje er botn i kassa. 
Mork var klar på at ein kommune med 5-6000 innbyggjarar vil stå sterkare. -Det er nødvendig å bli så stor om vi skal greie utfordringane vi står overfor, sa aukraordføraren, som syntes det var positivt at ein no var inne i ein prosess der dei to kommunane begynner å tenkje felles. Samstundes avviste ho frieriet frå Molde om å lage ein storkommune i Romsdal. 



Krevande prosess

Prosessen med å slå saman Aure og Tustna på Nordmøre har mange parallellar til den som no skjer mellom Aukra og Midsund. 

Dette kom klart fram då Tustnaordføraren Ingunn Golmen orienterte på det felles kommunestyret mellom Aukra og Midsund. 
Ei samferdselsløysing var knytt nært opp til ei kommunesamanslåing. 
Ein klar føresetnad for å slå saman dei to kommunane på Nordmøre, var at Imarsundprosjektet vart realisert, sa Golmen. -Utan dette ville ei kommunesamanslåing vere uaktuelt. 
Også her er det snakk om to små kommunar Tustna (1020 innbyggjar) og Aure (2720 innbyggjarar). Frå 1. januar 2006 vil dei bli ein kommune. 
Golmen la ikkje skul på at det har vore ein krevjande prosess å slå saman dei to kommunane. For å lykkast, var det etter hennar syn viktig med ein brei prosess. Det er også viktig at innbyggjarane får eit forhold til det som skal skje. 
Tustnaordføraren oppfordra også om at ein tenkte kreativt når det galdt å finansiere samferdselsprosjekt. Imarsund har ei kostnadsramme på 380 mill kroner, og er dermed langt rimelegare enn Møreaksen. Men det var det første prosjektet i Norge der staten aksepterte at bortfall av ferjesubsidiar vert brukt som finansieringsgrunnlag.


Den politiske og administrative leiinga i Aukra og Midsund. F.v. Ann Elin Høgset (varaordførar i Midsund), rådmann Kurt M Thrana (Midsund), 
ordførar Helge Orten (Midsund), ordførar Aud Mork (Aukra), Rådmann Ole Bjørn Moen (Aukra) og Bernhard Riksfjord (varaordførar i Aukra)




Det var eit historisk møte då kommunestyra Aukra og Midsund hadde fellesmøte på Julsundet skule


Vil koste 1,2 milliardar kroner


Ein tunnel mellom Otrøya og Gossen til Julsundet vil koste om lag 1,2 milliardar kroner. Men Statens Vegvesen poengterer at det kan ligge eit prisavvik på 40 prosent begge vegar. 

Det var geolog Torkildl Åndal som orienterte kommunepolitikarane i Aukra og Midsund om dette. 
Statens Vegvesen har den siste tida jobba med å fastlegge den endelege traseen for eit tunnelsamband mellom Otrøya og Gossen og fastlandet. Kostnadene som no kjem fram, samsvarar svært godt med dei førebels tala som Statens Vegvesen har antyda tidlegare. 
Den totale tunnellengda er på 13,5 kilometer. Det er rekna med ein meterpris på 88.000 kroner. Til samanlikning er kostnadene med Eiksundsambandet 70.000 kroner per meter. 
Det er planlagt eit kryss 250 meter under Kjerringholmen. Derfrå og mot Otrøya er det to alternative til traseval. Eitt til Sundsbøen. Det andre til Beinset. 
Avstanden frå Kjerringholmen til fastlandet er 6 kilometer kilometer. Derfrå til Otrøya er det 3,5 kilometer. Same distanse er det til Aukra. Med ei tunnelløysing blir det totalt vel 13 kilometer. 
Mange har teke til orde for at det i staden vert bygd bru mellom dei to kommunane. Det vil då bli ilandføring av tunnel anten på Otrøya eller Gossen. Tunnel vil då bli totalt 9,5 kilometer. Kostnadene med bru kombinert med tunnel til fastlandet, vil bli mellom 2- 300 mill kroner høgare enn ei rein tunnelløysing..
- Betre enn mange
andre prosjekt

-Sjølv om det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt, ser eit samband mellom Otrøya og Gossen til fastlandet ikkje ille ut. Bøygen blir finansiering. 

Det var professor Arild Hervik som kom med denne meldinga til aukra- og midsundpolitikarane. 
Møreforskning la i 2000 fram ei analyse av konsekvensane av eit bru/tunnel mellom øyane. Den gongen konkluderte dei med eit samfunnøkonomisk underskot på 220 mill kroner. Med dei nye momenta som no har kome til er dette redusert til 100 mill kroner. -Dette er langt betre enn ei rekkje andre prosjekt som er realisert, sa Hervik. 
Han peika på fleire forhold som har gjort prosjektet meir lønsamt. Ormen Lange vil generere større trafikk. Rentenivået er vesentleg lågare i dag enn for fem år sidan. Staten har akseptert at sparte ferjesubsidiar kan leggast inn i finansieringsgrunnlaget. Sjølv om subsidiane er relativt små i sambanda over Julsundet, vil det årleg utgjere 10 mill kroner. Bortfallet av den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan gje eit tilskot på 5 mill kroner årleg, ifølgje Hervik. Mange kommunar har sett desse pengane rett inn i samferdselsprosjekt. 
Ifølgje Hervik vil det ikkje vere lettare å finansiere delprosjektet mellom Otrøya og Gossen enn totalprosjektet. Mellom anna vil det ikkje vere mogleg å krevje inn bompengar om ein satsar berre på eit delprosjekt. 
I 2000 konkluderte Møreforskning med at Møreaksen ville vere samfunnsøkonomisk lønsam dersom også sambandet sørover var med. -Når det gjeld utbygginga av Møreaksen, er ikkje spørsmålet om det totalt er betre samfunnsøkonomisk, men kva som er mogleg. Ei trinnvis utbygging vil vere enklare enn ei totalutbygging, meinte han. Kva som er best å starte med, hadde han ikkje sterke meiningar om. 
For å få finansieringa på plass, må både kom-munane og staten sterkare inn, sa Hervik. 

Manglar 3- 400 mill kroner 

Finansieringa er utfordringa 

Med ei rein tunnelløysing manglar vi per i dag 3 - 400 mill kroner for å finansiere sambandet mellom Gossen og Otrøya til fastlandet, ifølgje midsundordføraren.
Dersom det blir satsa på ei bru mellom dei to øyane, vil beløpet auke til 5- 600 mill kroner. 
Orten meiner at ein no har ein unik sjanse til å få prosjektet på plass. 
I følgje kalkyler han har sett opp,vil sparte ferjesubsidiar og bompengar forsvare ei investering på 600 mill kroner. 
Innsparingane ved å slå saman dei to kommunane er stipulert til 10 mill kroner årleg. Forsiktig vurdert vil det forsvare ei investering på 100 mill kroner. Ambulansebåten vert overflødig. Årlege utgifter på 4 - 5 mill kroner blir spart, noko som kan forsvare ei investering på 50 mill kroner. I tillegg føreset høgreordføraren i Midsund at partikollegaen i Kommunaldepartementet kan bidra med 100 mill kroner. Dermed står ein att med eit finansieringsgap på 350 mill kroner. 
-Slik eg ser det i dag, kan dette finansierast på to måtar. Vi må basere oss på at vi får ordinære riksvegløyvingar til prosjektet. Sjølv om det kan gå ei viss tid før det kjem inn på Nasjonal Transportplan. Nordøyvegen får om lag 300 mill kroner frå staten. Målet må vere at vi får det same her, seier Orten. 
Skal vi få i gang prosjektet, trur eg det er heilt nødvendig at Aukra forskotterer frå eigedomsskatten i påvente av riksvegløyvingar, seier Orten. Han hadde håpa at Aukra kom på banen og var meir konkret i kor mykje dei kan tenkje seg å bidra med. Slik situasjonen er no, sit Aukra med nøkkelen til om prosjektet blir realisert, seier Orten. 
Satsar ein på bru, vil finansieringsgapet bli på mellom 5 - 600 mill kroner.

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82