FEBRUAR 2008 |
|
Ankar til lagmannsretten |
|
Striden kring Ugelvikhamna blir anka til lagmannsretten etter at Romsdal Tingrett på formelt grunnlag avviste å realitetsbehandle saka. |
Kan ikkje avvisast Grunneigarane sin advokat hevda i retten at saka ikkje kunne avvisast fordi voldgiftsklausulen regulerte forholdet mellom grunneigar og Kystverket og ikkje forholdet mellom grunneigar og Ugelvik Småbåtlag. Vidare viste han til at anlegget er lagt delvis utanfor området som er omfatta av grunneigarerklæringa. Han held difor fast på at Ugelvik Småbåtlag ikkje har rett til å legge ut flytebryggje med landgang utan grunneigar sitt samtykke. Det dei har gjort er krenking av grunneigar sin eigedomsrett, hevda han, og ba om at saka vart realitetshandsama. Voldgift Ugelvik Småbåtlag meinte at saka måtte avvisast og viste til grunneigarerklæringa der det heiter at usemje skal avgjerast ved voldgift. Dei avviser også at anlegget ligg utanfor området som er omfatta av grunneigarerklæringa. Men uansett vil dagens plassering ikkje krevje samtykkje frå grunneigar, meinte Sverre Larhammer som er advokat for småbåtlaget. Avviste saka Dommarfullmektig Øyvind Panzer Iversen som administrerte retten har konkludert med at voldgiftsklausulen i avtalen mellom Kystverket og grunneigarane må vere bindane også i forholdet mellom grunneigar og Ugelvik Småbåtlag. Han avviser difor saka og meiner den må til voldgift. Dermed kom ikkje realitetane i saka opp til behandling i tingretten. Ein voldgiftsrett er ein særdomstol som vil bestå av Sorenskrivaren i Romsdal samt ein representant frå kvar av partane. Men om saka endar der, er enno uvisst. Spørsmålet er kva Frostating Lagmannsrett måtte meine. Sakskostnader Tingretten påla også grunneigarane å betale sakskostnadene til motparten med i alt 40.000 kroner. I følgje dommaren er dette i samsvar med tvistemålslova. |
Øyavis ANS, 6475 Midsund - Tlf.: 71 27 90 90 - Fax: 71 27 90 82 |