logo.jpg (10250 bytes)

JANUAR 2010


Vil organisere besøksteneste

Aud Kari Knutsen har teke initiativ til å etablere ei besøksteneste i Midsund. Ei ordning som er ein suksess i mange kommunar.

Mange midsundingar er einsame eller har vanskar med å kome seg ut, ikkje minst eldre. Dei manglar nokon å prate med, dele gleder og sorger med, og dei føler seg ofte isolert.
– Eg vil prøve å etablere ei gruppe som på frivillig basis kan besøke desse personane, prate med dei, gå tur eller eventuelt ta dei med på butikken eller andre plassar dei kan tenkje seg å dra, seier Knudsen og understrekar at ei slik besøksteneste ikkje skal erstatte det offentlege tenestetilbodet, men vere eit supplement. Målet er at dei som sit mykje åleine, skal få ein betre kvardag. Besøksvennene skal gjere dette utan betaling.
Slike besøksordningar er vanleg i mange kommunar. Dei er organisert i regi av Røde Kors. Slik det er tenkt, vil Midsund bli ei avdeling under Molde, fortel Knudsen.
Ho har vore i kontakt med besøksvenner i Molde som kan fortelje at dette er eit tiltak som blir sett stor pris på. – Vi vil også få folk derifrå til å orientere interesserte og hjelpe oss å dra prosjektet i gang her ute.
I første omgang vil vi sjå om det er mange nok som er interessert. Eg trur dette er noko som kunne passe for mange i Midsund, seier Knudsen som sjølv nettopp har blitt pensjonist og har god tid. – Eg trur det er viktig å ha noko meiningsfylt å fylle kvardagen med, og kva kan vere betre enn å vere til nytte for andre? spør ho. Det å vere besøksvenn kan også vere gjevande for yngre folk.
I utgangspunktet vil ein besøksvenn ha ein fast person å halde seg til. Kor hyppige besøka skal vere, vil variere. Men ein gong per veke er ikkje uvanleg.
Knudsen har lufta tankane for dei ansvarlege innan helse- og omsorgstenesta i kommunen og fått klare tilbakemelding på at dette kan bli eit positivt tiltak for mange, og dei helsa tiltaket velkomen.
Knudsen håper at interesserte melder seg slik at ei besøksordning i Midsund blir ein realitet. Sjølv er ho bestemt på å bruke ein del av tida si til dette, og dersom det ikkje blir noko i Midsund er alternativet for henne å vere besøksven i Molde.



Aud Kari Knudsen håper å få mange til å stille som besøksvener i Midsund.

Øyavis ANS, 6475 Midsund  -  Tlf.: 71 27 90 90  -  Fax: 71 27 90 82