Kva skjer med abonnementet ditt?

Kva skjer med abonnementet ditt?

Øyavis har nyleg sendt ut giroar for abonnementet for 2016. Som dei trufaste lesarane vi har, har dei fleste allereie betalt dei 370 kronene abonnementet kostar. Alle abonnentar har dermed rundt 300 kroner til gode, når vi no kjem med det siste nummeret i mars.
Desse pengane har vi ikkje tenkt å behalde. Dersom du ønskjer å få desse pengane tilbake ber vi deg sende ein mail til post@oyavis.no, med kontonummeret ditt. Dei pengane som blir att, ønskjer vi å gje til eit godt lokalt formål i kommunen. Vi har enno ikkje bestemt kva pengane skal gå til, anna enn at det skal vere eit formål som kjem midsundsamfunnet til gode.
Vi tek gjerne imot innspel og forslag til gode formål. Vi vil seinare sørge for å informere om kva pengane har gått til, gjennom våre aviskollegaer i Romsdals Budstikke.

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author