Midsund Skule – Nybygg i to etasjar

Midsund Skule – Nybygg i to etasjar

– Det som er mest aktuelt no, er eit nybygg i to etasjar som er kopla saman med gamlebygget. Fasaden mot sør blir ikkje forandra og det eksisterande bygget blir stort sett som det er.

Inge Rakvåg

"Det som er mest aktuelt no, er eit nybygg i to etasjar som er kopla saman med gamlebygget. Fasaden mot sør blir ikkje forandra og det eksisterande bygget blir stort sett som det er." Seier teknisk sjef Inge Rakvåg.

Dette seier teknisk sjef Inge Rakvåg som no er inne i planlegginga av nye Midsund skule. Både Inge Rakvåg og Stian Løken som no er kome godt i gang med planlegginga, seier det er viktig å bygge ein skule for framtida, samtidig skal den vere fleksibel, slik at arealet blir utnytta på ein best muleg måte. Utanom at dette skal vere skule for alle elevane frå 1. til 10. klasse, skal også biblioteket inn på området, her skal vere SFO og vaksenopplæring.

Uteområdet må planleggast slik at det blir ei god trafikkavvikling både når det gjeld bussar, hente/bringe og parkering. Det som på det næraste er bestemt så langt er at det blir eit nytt bygg i to etasjar i heile skulen si lengde på nordsida av eksisterande bygg. Her er det tenkt at dei minste (1.-4. kl) blir i 1. etasje i fløya mot aust, administrasjonen blir i 2. etasje i same fløya. I fløya mot vest er tenkt 5.-7. klasse i 1. etasje og ungdomstrinnet i 2. etasje. Kvart hovedtrinn vil og få sitt eige uteområde. 1.-4. klasse vil få sitt uteområde mot søraust, mellomtrinnet mot sørvest, mens ungdomstrinnet vil få området mot nordvest. Mot nordaust vil det bli parkering. Noko som også er så godt som bestemt er at hovedinngangen blir flytta til kroken der avfallkontainarane står no.

Slik det er i dag er det berre dei som kjem gåande frå Kolbeingjerdet som brukar hovedinngangen. Det er no 42 år sidan Midsund skule vart teken i bruk, og i denne perioden har det vore renoveringar i delar av bygget. I 1995 vart to klasserom gjort om til arbeidsplassar for lærarane, og i 2007 vart fløya som var avsett til tannlege gjort om til klasserom. Utanom dette har det vore berre vanleg vedlikehald, renovering av bassenget og montering av ventilasjon. –Når det gjeld skule er det vanleg med total renovering etter 20 år. Midsund skule har no vore i bruk dobbelt så lenge, så her er det tid for rehabilitering uansett, seier teknisk sjef Inge Rakvåg til Øyavis.

Relaterte innlegg:

About the Author