Vindmøllebase i Stormyra?

Vindmøllebase i Stormyra?

Midsund er i front for å få ein test- og utviklingsbase for ein vindmøllepark på Mørekysten. Ein slik base kan få enorme dimensjonar og gje mange arbeidsplassar.

–Vi er enno i ein tidleg fase, men for oss er det viktig å synleggjere at vi har tilgjengeleg areal som ligg sentralt, samt at vi kan knyte alliansar til beslutnigstakarar og leverandørar, seier ordførar Helge Orten.
Midsund Vekst og Gunnar Kvalsund har vore sentral med å få Midsund på banen. Han har jobba med prosjektet eitt år. Midsund Bruk AS har også vore ein sentral brikke i arbeidet.

Gigantutbygging. Det er Havsul 1som har konsesjon, men dette selskapet er oppkjøpt av Vestavind Offshore . Dette er den einaste offshore vindparken i Noreg. Totalt har parken utanfor Harøy plass til 70 møller. –Blir dette realisert, er det ei gigantisk utbygging, seier Kvalsund. Fullt utbygd er det snakk om investeringar på 7-10 milliardar kroner.

Demo-anlegg. I første omgang vil det vere snakk om å byggje eit demonstrasjonsanlegg der dei tekniske løysingane blir utprøvd. Både stål og betong kan vere aktuelle byggemateriale i fundamenta på installasjonane. –Sjølv om det i første omgang er snakk om eit utviklingsprosjekt, er det store dimensjonar, seier Kvalsund. -Det kan gjerne bli 20 møller og ei investering på mellom to og fire milliardar kroner. I denne prisen ligg kostnadene med å legge straumkablar til Ormen Lange-anlegget.

Landbase. Ein offshore vindmøllepark har behov for ein landbase. –Her kan det vere behov for ein base både til vedlikehald og drift. Det kan og vere snakk om produksjon og samanstilling av møllene, seier Kvalsund, –men her er det mykje upløgd mark, så det er alt for tidleg å seie kva arbeidsoperasjonar som vil skje på ein slik base.

Kvifor er Midsund aktuell? –Vi ligg sentralt til i høve ei utbygging utanfor Harøya. Vi har eit område som egnar seg til formålet. Midsund Bruk AS har også vore ein viktig pådrivar og vil vere vertskap for ein test- og utviklingsbase. Bak denne bedrifta står ein sentral aktør som Aker Solution. Det er også etablert ein god dialog med Vestavind Offshore, seier Kvalsund
ROR, eit samarbeidsorgan av kommunane i Romsdal, har fått utarbeidd ein rapport der tre aktuelle stader i Romsdal er vurdert. Det er Harøysund, Åndalsnes og Midsund. Rapporten konkluderer med at Midsund kjem godt ut som stad for utbyggingsbase. Ein vil likevel gå vidare med alle tre alternativa. Midsund sin fordel er gode hamnetilhøve, regulert næringsareal som ligg klart, kort avstand til vindparkområdet, og ikkje minst; Midsund Bruk sitt engasjement.

VINDI.MØRE. For å formalisere arbeidet, og for å trekkje med seg aktuelle aktørar, er ein i ferd med å etablere ein ny interesseorganisasjon. VINDI.MØRE skal vere ein regional aktør som skal jobbe for at Havsul 1-feltet vert utbygd og støtte Vestavind Offshore sine planar om etablering av eit demoanlegg, samt etablering av ein test- og utviklingsbase i Midsund. Det er Midsund Bruk og Midsund Vekst som saman med kommunane Midsund og Aukra, samt Aukra Næringsforum og Molde Næringsforum har teke initiativet til å etablere VINDI.MØRE. Dei har alt valt eit interimstyre der det sit mange sentrale næringslivsfolk, også  frå Sunnmøre.
I interimstyret sit Per Øverbø, Helge Orten, Peter Tennfjord, Midsund Bruk, Tore Ulstein, Ulsteingruppen, Rolf Fiskerstrand, Fiskerstrand BLRT, Britt Flo, Molde Næringsforum og Gunnar Kvalsund i Midsund Vekst.
Både Møre og Romsdal fylke, Sandøy kommune samt NHO og LO har gjeve uttrykk for at dei vil ha representantar i styringsgruppa.
– Vi håper å få prosjektmidlar slik at vi kan opprette ei prosjektstilling som kan koordinere og drive prosjektet framover, seier Kvalsund.

Statleg medverknad. –Skal det etablerast vindkraft i Noreg, vil statlege tilskot og medverknad vere heilt nødvendig, og Næringsdepartementet må på banen om det skal bli midlar til eit demonstrasjonsanlegg, seier Kvalsund.
Då konsesjonen til Vestavind Offshore vart gjeve, fekk dei to år på å utgreie dei ulike aspekta ved ei utbygging. – Ting må difor skje i løpet av 2-3 år, seier Kvalsund når han skal vurdere kva tidsperspektiv det her er snakk om. I løpet av denne tida bør også Regjeringa avklare rammevilkåra for vindkraftproduksjon.
Både Orten og Kvalsund understrekar at det er mange brikker som skal på plass før ei utbygging av ein vinpark kan komme, og dermed ein landbase. – Her er det mange ukjente faktorar og mykje ny teknologi som skal utviklast. Men begge er samstemte om at det er snakk om enorme utbyggingar som kan gje store ringverknader.
Ei fullskala utbygging vil i ein anleggsperiode på 2-3 år gjerne ha behov for 2000 arbeidarar. I driftsfasen blir det sjølvsagt langt mindre.

Det er enorme dimensjonar dersom ein test- og utviklingsbase vert etablert i Midsund. Området i Stormyra ligg godt tilrette, meiner ordførar Helge Orten.

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author