Betre enn venta
Midsundrekneskapen for 2009 vart langt betre enn rekna med.
Midsund gjekk med eit overskot på 37000 kroner i 2009. Det viser dei førebelse rekneskapstala som økonomisjefen presenterte for formannskapet på tysdag.
Midsund har slite med underskot dei siste åra. I 2008 måtte kommunen bokføre eit tap på 2,8 mill kroner.
Så seint som i haust då rapporten for 2.kvartal vart presentert for kommunestyret, var det venta eit underskot på 1,8 mill kroner for 2009.
Unngår Robek-lista. I tala ligg også inndekking av underskotet frå 2007 på i alt 1,5 mill kroner. Det betyr at Midsund i denne omgang unngår å kome på fylkesmannen si Robek – liste.
Innsparingar. Det er fleire grunnar til at kommunen no her greidd å kome i balanse. Mange einingar har betydelege innsparingar på drift. I tillegg er det innsparing på finans- og pensjonsutgifter i høve til budsjettet.
Størst er innsparinga innan helse- og sosial. Budsjettet var på totalt 47 mill kroner, men rekneskapet viste 45,1 mill., ei innsparing på 1,9 mill kroner. Sjukeheimen sto for brorparten med eit mindre forbruk på om lag 1,2 mill kroner i høve til budsjettet. Det har også vore betydelege reduksjonar i utgiftene til økonomisk sosialhjelp. Bukollektivet «Lønn» har spart 600.000 kroner.
Innan oppvekst og kultur som er eit anna stort budsjettområde, er det berre små avvik. Teknisk sektor ligg ein del over budsjettet. Noko som mellom anna skuldast at inntektene frå trygdebustadene er langt lågare enn rekna med.
Bortfall av moms. Då kommunestyret i desember 2008 vedtok budsjettet for 2009, var det lagt til grunn inntekter frå moms på i alt 4,4 mill kroner. Det vart tidleg klart at kommunen ikkje greidde å starte opp alle utbyggingsprosjekt som var planlagt og som låg til grunn for momsinntektene. I juni vart budsjettet revidert. Då var momsinntekter redusert til 2,2 mill kroner. Det endelege rekneskapet som no er lagt fram viser momsinntekter på berre 236.000 kroner. Trass i dette inntektstapet kom rekneskapet i balanse.
Etter mange tøffe år, kunne økonomisjef Anne Oterhals legge fram eit betre rekneskap for 2009 enn rekna med.


