Drifta sikra ved Fjord Halibut

Drifta sikra ved Fjord Halibut

Nordic Seafarms AS overtek Fjord Halibut på Vikaneset. Aktiviteten vil i stor grad halde fram som i dag, opplyser adm. dir. Inge Midtbø i det Bergenbaserte selskapet.

Nordic Seafarms er saman med Marin Harvest dei store innan kveiteoppdrett i Noreg. I tillegg til desse to finst ein del mindre produsentar.
Nordic Seafarms vil ekspandere kraftig i åra som kjem og har budsjettert med  ein produksjon på om lag 1000 tonn i 2012.
Etter mange år med biologiske problem, ikkje minst på yngelen, har næringa no fått kontroll, og produksjonen går greitt. Prisane på matfisk har også vore stabilt bra. –Men kveiteoppdrett vil bli ei nisjenæring, seier Midtbø til Øyavis. Selskapet kan vise til overskot dei siste fem åra.
Nordic Seafarms har eit yngel-anlegg på Askøy med ein kapasitet på 5-600.000 yngel. I tillegg har dei eit matfiskanlegg med tre sjølokalitetar på Averøya.

Strategisk rett. –Vi har gjennom mange år vore kunde hos Fjord Halibut. Rogn derifrå har gått til klekkeriet på Askøy. Selskapet i Midsund er den største produsenten av kveiterogn i landet, og dei har vist at dei har god kvalitet på rogna, seier Midtbø. – For oss var det difor strategisk rett å kjøpe anlegget. Det vil sikre at vi er sjølvforsynt med kvalitetsrogn framover, og vi vert eit heilintegrert selskap der vi har kontroll på heile kjeda frå stamfisk til ferdig matfisk.

Vidarefører drifta. –Vi vil vidareføre drifta ved anlegget på Vikaneset stort sett som i dag, men yngelproduksjonen, som har utgjort ein liten del, vil vi kutte heilt ut. I staden vil det bli eit reint stamfisk- og rognanlegg, opplyser Midtbø. Dette vil ikkje gå ut over talet på tilsette. Det vil vere behov for tre-fire årsverk framover, slik det er i dag.
Bedrifta i Midsund produserer om lag 300 liter rogn i året, fordelt på tre strykingar.
Selskapet har ei omsetning på mellom 3,5 og 4 mill kroner i året.

Bra anlegg. Det har vore investert ein god del ved Fjord Halibut dei seinare åra. – Det er eit bra anlegg vi overtek, og for oss er det berre snakk om mindre oppgraderingar for at anlegget skal vere heilt topp, seier Midtbø.

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author