Mange merknader, men få endringar
Nærare 15 år etter at arbeidet med ein ny reguleringsplan for Midsundbygda starta, er prosessen no i sluttfasen. Kommunestyret skal eigengodkjenne planen i slutten av denne månaden.
Etter mange års arbeid vedtok kommunestyret ein reguleringsplan for sentrum, men denne vart i 2005 underkjent av fylkesmannen. I denne planen følgde vegen gjennom bygda, som har vore det store stridsspørsmålet, ei nedre line.
Dermed måtte planen revid-erast. Samstundes endra kommunestyret premissane for planen i og med at dei hausten 2006 vedtok at ei øvre vegline, langs eksisterande riksveg, skulle leggast til grunn i det vidare planarbeidet.
Mange merknader. Første utkast til reguleringsplan med ei øvre veglinje, vart sendt ut på høyring hausten 2007. Det kom inn i alt 26 skriftlege meldingar, mellom anna frå Møre og Romsdal fylke og Statens Vegvesen som signaliserte at dei ville kome med motsegn om planen vart vedteke slik forslaget var.
Vegvesenet kravde mellom anna meir dokumentasjon på korleis ein øvre vegtrasé let seg gjennomføre.
Det kom også kraftige protestar mot ei øvre line frå oppsitjarane i området.
Ut frå desse innspela vart så eit revidert forslag lagt ut til offentleg ettersyn i oktober i fjor. Det kom inn i alt 24 merknader i andre høyringsrunde.
Få endringar. Rådmannen har no gått gjennom alle innspela, men så vidt vi kan sjå, er det berre mindre justeringar som er gjort i høve til forslaget som var ute til høyring. Slike mindre endringar kan gjerast utan at planen må leggjast ut på nytt, i følgje rådmannen.
Det kan sjå ut som rådmannen for all del vil unngå at prosessen skal dra ytterlegare ut i tid.
Han gjer kommunestyret merksam på at dersom dei ønskjer vesentlege endringar, må planen ut på nytt. Store endringar kan også føre til krav om utarbeiding av ny plan der nye og strengare krav til konsekvensar blir stilt. Dersom store endringar skulle bli vedteke no, kan det igjen gå mange år før Midsund sentrum får ei godkjent reguleringsplan.
Ikkje erstatning. Dersom kommunestyret godkjenner forslaget frå administrasjonen, vil fire-fem hus måtte fjernast på grunn av riksvegtraséen. I tillegg vil mange få restriksjonar på framtidig bruk og utnytting av eigedommane.
Rådmannen skriv i sine generelle kommentarar at grunneigarar og rettigheitshavarar ikkje har krav på kompensasjon for dei restriksjonar reguleringsplanen fører med seg. Grunneigar har ikkje rett på å få erstatta «tapt framtidig forteneste». Erstatning vil først vere aktuelt ved eventuelt grunnkjøp for å gjennomføre planen, i følgje rådmannen.

