Helsetilsynet avdekte eitt avvik då dei i haust gjennomførte tilsyn med legemiddelbehandlinga ved Midsund sjukeheim.
Som andre. Det er gjennomført tilsvarande kontrollar i fleire kommunar i fylket, og revisor Rolf Toven i Helsetilsynet seier at situasjonen i Midsund ikkje er vesenleg forskjellig frå det som er avdekt andre stader. Det er det same avviket som går att i dei fleste kommunane.
Sårbart. Tilsynet som vart gjennomført i perioden 13. august til 7. oktober var tilrettelagt slik at det gjekk etter planen, trass i at sentrale personar av ulike årsaker ikkje var tilstades. Det vert likevel påpeika at revisjonsteamet fekk dårleg dokumentasjon og oppfølging før tilsynet. Dette på grunn av sjukdom i leiinga. Det viser at heile styringssystemet i kommunen er veldig sårbart ved sjukdom, både i leiinga og ved sjukefråver generelt.
Fokus for tilsynet var om Midsund kommune sitt kvalitetssystem sikrar at bebuarane ved sjukeheimen får nødvendig og rett legemiddelbehandling.
Mange omorganiseringar. I rapporten vert det konstatert at sjukeheimen og heimetenesta i Midsund dei siste åra har vore gjennom fleire omorganiseringar. Det har vore ei utfordring å få sjukepleiarar i alle stillingar, og drifta er prega mangel på sjukepleiekompetanse. Det fører til stor frustrasjon, og vert opplevd som belastande for dei tilsette. Fagkompetansen er særleg sårbar på helg, feriar og ved sjukdom. I dag er det tre sjukepleiestillingar ved sjukeheimen som ikkje er dekt opp.
Har avvikssystem. Midsund sjukeheim har innført eit avvikssystem, men dei er framleis berre i startfasen av dette arbeidet, heiter det i rapporten.
Tilsynet konstaterte at det er få retningsliner når det gjeld legemiddelbehandling. Dei intervjua hadde ikkje klart for seg korleis avvikssystemet vart nytta i høve til forbetringsarbeid.
Det var ikkje tilstrekkeleg kapasitet hos pleiepersonellet til å vurdere kliniske symptom hos pasientane. Dette gjev ein del utfordringar når det gjeld smerte- og sårbehandling.
Legenotat i pasientjournalane er knappe.
Det står vidare at det synes å herske uavklarte ansvarslinjer i enkelte arbeidsforhold. Oversikt over organisasjon, ansvarsforhold og mynde er mangelfull og til dels utdatert og gjev lite oversikt for dei tilsette, heiter det frå Helsetilsynet.
Avviket retta opp. Etter at den førebelse rapporten kom til kommunen i haust, har det vore jobba for å rette opp ein del av dei forholda som det kom merknad på. – Vi har hatt fokus på dette, og det er jobba målretta frå dei tilsette for å rette opp det som er påpeika, seier einingsleiar for helse- og omsorg Leif Arne Lagesen.
Han understrekar at det finst system på sjukeheimen. – Her handlar det om å følgje opp systemet og passe på at dei fungerer, samt forsikre seg om at dei tilsette til ein kvar tid er oppdatert. Dette er ein kontinuerleg prosess.
Helsetilsynet stadfester at dei har fått tilsendt dokumentasjon på nye rutinar og prosedyrar, men at dei enno ikkje hatt tid til å studere materialet og kan difor heller ikkje uttale seg om det er tilstrekkeleg for at avviket kan «lukkast”.

