Anne og Andor Jørgensen feira gullbryllaupsdagen sin på gamleskulen på Jenset med slekt og venner til stades.
Den 9. januar feira Anne og Andor Jørgensen gullbryllaup, på dagen 50 år etter at dei vart vigde i Otrøy kyrkje. Gullbryllaupsfeiringa hadde dei på gamleskulen på Jenset der over 50 av slekt og venner var til stades.
Anne (f. 1937) er fødd i Varhaugvika på Gossen, men i 1939, då ho var to år gammal tok foreldra over garden på Svinnset og familien flytta dit. Og her vaks Anne opp saman med brørne Peder og Ludvik og søstra Norveig. Ho gjekk på skulen på Jenset, og dit var ikkje veg den gongen, og Anne har mange forteljingar om det som hendte på veg til skulen.
Andor (f. 1922) er frå Ingøy i Måsøy kommune i Finnmark og er nest eldst i ein søskenflokk på ti. Han kom hit i 1958 for å besøke søstrene sine, som han no har fem av her i Romsdal og på Nordmøre.
Etter at dei gifta seg i 1960, budde dei heime på Svinnset eit år, før dei flytta nordover til heimplassen til Andor. Andor arbeidde den tida på «Karl Aas». Etter to år på Ingøy flytta dei heim til Svinnset igjen, og no hadde dei to eldste barna kome til verden.
Jarle (f. 1960) arbeider no som reisereparatør i store kopimaskiner. Han er busett på Skjetten ved Lillestrøm og har to barn.
Oddgeir (f.1962) er vaktmeister i eit burettslag i Holmenkollåsen. Han bur i Oslo og har tre barn.
Bente Kristin (f. 1963) arbeider i Måløy Vekst. Ho bur i Måløy og har to barn.
Janne Karin (f. 1969) er den einaste av barna som er busett i heimkommunen. Ho arbeider på Coop Midsund, har to barn og bur på Raknes.
Når dei flytta heim igjen til Svinnset hadde det kome veg rundt øya, men opp til Svinnset var det ikkje veg, så her var mykje tunge bakkar. På denne tida var det gardsdrift, dei hadde tre kyr, hest og nokre sauer. Og i staden for veg hadde dei løypestreng som dei frakta mjølka ned med og frakta fôr og anna tungt opp med.
Andor fekk seg arbeid på «Norliner» der han arbeidde i sju år. I 1970 begynte han i MRF der han dei første åra var med rutebåtane D/S «Jotunheim» og D/S «Verma». I 1975 fekk han seg arbeid på ferja som gjekk i utasundsruta Småge-Finnøy-Orten-Ona, og her var han til han vart pensjonist i 1986.
Då barna vart vaksne fekk Anne seg arbeid på Norrøna kafé i Molde, der ho arbeidde på kjøkkenet i 11 år til Norrøna vart nedlagt. Ho begynte då på Kafé Gimle der ho har arbeidd fram til jul i fjor.
Til jul i 1983 vart det ei ny tid på Svinnset. Løypestrengen vart skifta ut med bilveg, og den 18. desember dette året kom den første bilen til gards. Ferdig oppgrusa vart vegen til Janne sin konfirmasjon i mai 1984.
Gardsdrift vart det og mindre av etter kvart. Mjølkekyrne vart det slutt på rundt 1982 mens dei siste sauene for i 1988.
Og mens Anne køyrer den vesle firhjulsdrivne bilen, med Øyavis sin utsendte ombord, på blankisen ned dei bratte bakkane, fortel ho om korleis det var før i tida. – Vi brukte å gå i lag til skulen, og då måtte vi vente på dei som kom frå Setet for dei måtte gå ned til sjøen og så opp til Svinnset. Så fortsette vi herifrå og måtte ned i Solholmen og i Sølvika før vi kom opp til Jenset. Eg kan hugse at vi fekk skjenn av læraren fordi vi kom litt for seint når det var snø og dårleg føre. Dette syntest vi var «fole» urettferdig, for dei som kom frå andre sida hadde veg å gå etter.


Slikt er det jo bare å applaudere for! Det er absolutt ikke alle forunt å kunne feire gullbryllup, og det blir vel bare mer og mer uvanlig. Gratulerer!