Alle vart i grunnen enige om at noko måtte gjerast så snart som muleg. Her er nokre av dei som møtte fram til omvisninga. Frå venstre rådmann Geir Göncz, Anne Grete Opstad (tilsett), Atle Tangen og Erna Drønnesund (nestleiar og leiar i rådet for funksjonshemma), ordførar Helge Orten og Aslaug Sanden frå formannskapet.
– Vi er ikkje mindre forsterka i det vi i grunnen alt visste, at vi må ha eit nytt aktivitetssenter for dei funksjonshemma. Pengane til dette er avsett i budsjettet, og no må vi ta med oss dei gode vi har fått herifrå slik at vi får ei best muleg løysning, sa ordførar Helge Orten.
Det var leiar i rådet for funksjonshemma, Erna Drønnesund, som hadde invitert formannskapet på omvisning i det som har vore aktivitetssenteret for dei funksjonshemma i 17 år. –Dette har vore ei midlertidig løysning no i 17 år. No er det seks brukarar her i tillegg til personalet, og her er både for trangt, toalettforholda er dårlege, dørene er smale og ikkje tilpassa rullestol. Kjøkkenet er og for lite til at brukarane kan vere med på for eksempel å lage mat. Dei funksjonshemma brukarane vil gjerne drive med ein eller annan aktivitet, og dette huset inspirerer ikkje til det, sa Erna Drønnesund og håpa at formannskapsmedlemmane kunne bringe vidare dei inntrykka dei hadde fått til kommunestyret. –Personalet her gjer ein fantastisk jobb og det er dei som kjenner best kvar skoen trykkjer. Så eg håpar dei som skal utrede denne saka tek dei med på råd.
Og formannskapsmedlemmane var enig i det som leiaren i rådet for funksjonshemma sa. Huset har vore eit midlertidig aktivitetssenter i 17 år. Opprinneleg var det ein vanleg kommunal bustad som er lite tilpassa funksjonshemma. – Dette har teke alt for lang tid. Men no har vi i alle fall fått pengane til nytt aktivitetssenter inn på budsjettet. Istadbygget i Rakvågen såg vi på som ei muleg løysning, men etter at vi fekk prisen på bordet, må vi tenkje oss nøye om. Om dette er ei god løysning for framtida. Vi er no inne i ein prosess der dette skal planleggast og då er det flott at vi får innspel både frå rådet for funksjonshemma og personalet. Det er dei som kjenner brukarane og veit kva behova er. Det er desse som er ekspertisen på dette området. Vi håpa å komme i gang med eit nytt og betre tilbud til dei funksjonshemma alt no i 2010, sa ordføraren.

I garasjen blir det laga ved, men lokalet er så lite at det er berre ein brukar som kan vere her om gongen. I dag var det Håvard som saga ved, mens leiar i rådet for funksjonshemma held i strangen. Til høgre Sigmund Orvik frå personalet.

