Debutplata til Dina Misund kom på 13. plass på VG-lista første veka og har fått gode kritikkar.
–Egentleg er eg ganske godt fornøgd med mottakinga, og eg håper at all oppmersomheit skal hjelpe karriera mi framover, seier Dina til Øyavis.
Dina gav ut sin første singel i haust, og har hatt stor suksess med låta «I know». Den har vore spela hyppig på radio, ikkje minst på P1. Forventningane til debutplata har difor vore stor.
25. januar kom så «Listen». Ei plate der ho sjølv har skrive samtlege tekstar og melodi til dei tolv låtane.
Mottakinga har vore god, og det har vore mykje bra omtale og stor publisitet om den unge midsundjenta.
-Det har vore hektisk, fortel 20 –åringen som utanom musikk har mange jarn i elden, men akkurat no er det musikken som er i fokus.
Etter at plata kom, har ho vore intervjua av Adresseavisa, NRK Møre og Romsdal og Trøndelag, Nitimen, Førkveld på NRK samt avisene i Møre og Romsdal.
At mange hadde forventningar og likte plata, viser det faktum at ho første veka kapra ein 13. plass på VG-lista. Dit kjem dei platene som er mest selt i landet i den aktuelle veka. – Sjølv om eg berre vart liggande der i ei veke, er eg veldig overraska over at eg skulle ende der, seier Dina.
Ros. Plata har også vore omtala av musikkanmeldarar i ulike aviser og tidsskrift. Og ho har hausta mange gode tilbakemeldingar. Det har vore terningkast fem både i Østlendingen og Det Nye, medan Adresseavisa og Romsdals Budstikke gav ein firar.
«Albumet «Listen» er egenprodusert fra første til siste sang, og det er imponerende kvalitet på låtene…..: Dina har i mine ører levert et debutalbum som minner om debuten til Lene Marlin kvalitetsmessig, og jeg tør påstå at dette albumet er noe sterkere», skriv Stein Roger i norskmusikk.org., ein kjent musikkblogg på internett. Vidare skriv han: «Dina har en stemme som passer godt til denne musikksjangeren, og jeg vil nok plassere henne i litt samme stilen som Maria Mena, Katie Menua, og krydre litt med Amy MacDonald. Det er et snev av country, en teskje vise og en solid dose pop.
Det er spesielt melodiane «This World», «I Know» og «Let me down» som har slått best an.
«Supertalent!……Nyt en og en låt!», skriv Geir Hovensjø i Østlendingen.
VG sin anmeldar gav debutplata terningskast tre, men er likevel svært så positiv til det han fekk høyre. «Utvilsomt en talentfull låtskriver», er hans tittel. Han viser til at Dina vann X-Factor sin nettkonkurranse før jul og at ho blir hyppig spela i P1. «Godt forståelig – stemmen er et fint destillat av Eva Cassedy, Lene Marlin og Taylor Swift, og låtene er lettlikte, velskrevne og melankolsk behagelig». Stein Østbø saknar derimot ein sterkare dynamikk i uttrykket og meir variert og pågåande bruk av stemma.
Festivalar. Dina har ikkje eige bookingselskap, slik at ho i stor grad må skaffe seg oppdrag sjølv. –Det er ein del konsertar og festivalar framover eg skal vere med på, fortel ho. Mellom anna kjem ho på Midsundfestivalen i juli, der ho skal ha konsert i kyrkja.
–Det er viktig å få spele mykje. På den måten når eg eit breiare publikum og får utvikle meg som musikar.
I Midsund er det Statoil som sel plata.
Dina har fått mange gode kritikkar for debutplata.


