Laurdag den 23. januar gjekk ungdommens kulturmønstring av stabelen i ein fullsett kinosal på Bygdheim. Programmet gjekk knirkefritt, og vi fekk ei framsyning av høg kvalitet både innhaldsmessig og teknisk.
Tre unge herrar losa oss elegant gjennom programmet. Kenneth Beinset, Johannes Ovesen Sjøvik og Andreas Sletten Orten viste seg å vere gode konferansieremne. Dei introduserte artistane med muntre og positive kommentarar. – Det blir berre sang og musikk frå scena, så danse får de gjere heime, var ei av meldingane frå Kenneth. Introduksjonen var forresten det einaste som foregikk på norsk. Alle sangtekstane som blei framførte, var på engelsk.
Med unntak av blyantteikninga til Ane Torine Ugelvik, var det berre sang og musikk på mønstringa. Sangjentene var i fleirtal, men gutane kom sterkt i dei to rockebanda «Hasted» og «Headbangers».
Jentene var først ut. Vi fekk høyre Agneta Lervik, Anja Tangen, Caroline Lervik, Johanna Aurora Kirkeland, Mia Tangen, Nyaluak Kerubino og Eirin Høgset. Caroline akkompagnerte seg sjølv på gitar, og Mia blei kompa på piano av Kristine Opstad Rakvåg. Dei andre hadde orkester på CD. Det kan vere ok med CD, men det blir unekteleg meir levande med instrument på scena. Men uansett type akkompagnement var det mange gode prestasjonar og mange store stemmer. Midsund har fostra stjerner før, og det mangla ikkje på talent i denne flokken.
Bandet «Hasted» består av fem gutar og ei jente. Artig er det at namnet på bandet er sett saman av forbokstavane til medlemmane. Hallvard Løken Tangen, Aris Vølen, Sander Orvik, Thomas Orvik, Eirin Høgset og Daniel Orvik. Dette er ei gruppe med godt potensiale. Med den dyktigheit og speleglede dei legg for dagen, vil dei nå langt.
«Headbangers» er gamle kjenningar og har deltatt i mange UKM. Fint at gjengen held saman og øver trass i at dei no går på ulike vidaregåande skular i distriktet. Bandet hadde litt original entre på scena. Gitaristane Julian Sandnes og Tor Hallvard Lervik spela seg ned gjennom salen og opp på scena. Der venta David Orvik (trommer), Olav Johann Orvik (bass) og vokalistane Vidar Nygård og Julia Kirkeland. Dei serverte musikk med trøkk i. Bandet utviklar seg og hadde tatt endå eit steg oppover på kvalitetsstigen. Alle er dyktige, men Julian Sandnes utmerkar seg med sine briljante gitarsoloar. Det er ikkje mange amatørgrupper som har så flink sologitarist.
Felles for alle ungdommane som var med i UKM, var at alle verka utruleg scenevante. Alle opptredde utan fomling og nøling, og ingen hadde mikrofonskrekk.
I morgon, fredag 19. februar blir det offentleggjort kva innslag skal gå vidare til fylkesmønstringa i Eidet Kulturhall i Haram 19. – 21. mars. Etter det vi veit er det eit band og fleire syngejenter som får reise, tilsammen ti personar. Dei som sat i juryen og skulle plukke ut desse, var May Linn Gangstad, Åse Karin Ræstadholm og Roger Torgersen. Inga lett oppgåve med så mange dyktige kandidatar.
UKM blir arrangert av kommunen ved Fritidsklubben i godt samarbeid med Midsund Musikklubb. Ungdomsarbeidar Ivar Sten Blø hadde nok meir enn ein finger med i spelet for å legge til rette for dei flinke utøvarane, og musikklubben hadde hjelpt til med øving og gode råd, i tillegg til at dei sytte for topp kvalitet på lys og lyd.
Det står alltid fleire bak enn dei vi ser på scena i eit slikt arrangement. Då Ivar Sten Blø og Ann Heidi Orvik delte ut diplom til alle aktørane, blei både scenearbeidar Simon Sandnes, fotograf Deng Kerubino og billettseljarane Nils Olav Magerøy og Thomas Drønnesund kalla opp for å få sine bevis på deltaking i UKM.
Om breidda mangla i årets UKM, var kvaliteten desto større. Vi har mange flinke ungdommar.
For komande år kan ein ønskje at nokon tek fatt i andre uttrykksformer, så det i tillegg til sang og musikk også blir foto, film, måleri, skulptur, dans og dikt for å nemne noko.
«Hasted» framførte to låtar: «Chasing cars» og «Cocaine».


