Nyttårskonsert på Midøya

Nyttårskonsert på Midøya

Alle aktørane samla på scena under avslutninga av konserten. Først sangen som er kåra til fylkessang for Møre og Romsdal, «Heimlengsel», før alle stemte i med «Godt nytt år til alle barn i alle land», ei mektig avslutning på ein flott konsert.

– Dette ser ut til å bli tradisjon. No er det andre året vi arrangerer nyttårskonsert, sa leiaren i Midøy velforening, Knut Eivind Lervik, då han ønskte velkommen til nyttårskonsert i ein fullsett sal på Midsund Montesorriskule. Når vi skriv søndag sjuande februar er året enno nytt. Det går an å kalle det nyttårskonsert, og det går an å ha med julesangar.

I første del av konserten fekk vi høyre songar som var relaterte til jul og vinter. Resten av repertoaret spente frå dei gode, gamle barnesangane, via den norske viseskatten til svingande engelske poplåtar. Både Mikkel Rev, Halvdan Sivertsen, Lillebjørn Nilsen, Sondre Brattland, Eric Clapton og mange fleire var representerte.
Femten jenter, nokon små, andre litt større, viste seg å vere glitrande sangstjerner som sjarmerte publikum. Primus motor Jan Risbakken hadde fått med seg Paul Hillestad (fele) og Elin Krogsæter (sang), og dei hadde innslag som skapte variasjon i konserten. Paul og Jan drog opp både mazurka og reinlender som fekk publikum til å trø takta med dansefoten. Dei tre vaksne framførte også fine sangar saman. Elin hadde dessutan med dei fire døtrene. Både Hanna, Mirjam, Ester og Sara er flinke til å synge. Mirjam har også blitt ein habil gitarspelar.
Dei andre jentene som deltok var: Malin Raknes, Anea Rakvåg, Frida Rakvåg, Caroline Godø Ramsvik, Elisabeth og Maria Sjøvik, Siril Ræstad, Karoline Venheim Vinje, Lill Joell Miltz og dei tre år gamle sjarmetrolla Olivia Gangstad og Oda Celine Rosvik. Vi må også nemne dei dyktige teknikarmedhjelparane Tor André Venheim Vinje og Simen Godø Ramsvik.
Alle var flinke, og publikum storkosa seg.

Jan Risbakken fortel til Øyavis at Nyttårskonserten er ei forlenging av sang-/sceneprosjektet som han sette i gang hausten 2007. Då hadde han øvingskveldar både på Midøy skule og på  Bygdheim. Det året hadde han også musikkbarnehage på begge plassane. Han har planer om å starte opp att med musikkbarnehage no i vinter, og han vil jobbe fram mot ein vårkonsert etter same malen som nyttårskonserten. Invitasjonen til å delta på denne konserten var kunngjort med plakatar. Det meldte seg mange interesserte, og det var artig at det var deltakarar frå nesten heile kommunen.

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author