Malene vann i NM

Malene vann i NM

Midsundjenta Malene Stølen, som til dagleg arbeider på Hårfint i Roseby, tok førstepremien i norgesmeisterskapet i hår og skjønnhet i Oslo første helga i februar. Ho deltok i klassen «Full fashion herre» og fekk totalt 88 av dei 90 poenga dei tre dommarane, som i år var frå Østerrike, Danmark og Russland, kunne dele ut.

-Det er kjempeartig å vere frisør, og konkurransar har eg delteke i sidan eg gjekk frisørlinja på vidareåande skule. I konkurransar får eg gjort noko anna enn eg vanlegvis gjer, eg får bruke fantasien, seier Malene som sidan i mai i fjor har arbeidd på Hårfint i Roseby.
Malene fortel at den første konkurransen ho deltok i var mens ho gjekk på Borgund vidaregåande i Ålesund. Det vart sendt inn bilde av hennar arbeid, og dermed vart ho ei av tre som fekk delta i konkurransen «Color Trophy 05», ein konkurranse som blir arrangert fjerdekvart år i Norge. Her fekk ho ein flott andreplass.
Etter vidaregåande arbeidde ho som lærling på Pikasso i Ålesund, og ho fortsette å delta på konkurransar.
I «Hår 2006» var Malene med, her deltok ho i klassen «Fristil dame» og hadde Trine Kirkeland som modell. I «Hår 2007» hadde ho Yvonne Gangstad som modell. Inspirert av sommarfugl fekk ho ein fjerdeplass i klassen «Fristil oppsett». Og i «Hår 2009» deltok også Malene, denne gongen i «Fristil dame» med Jenny Therese Hagseth som modell og i «Fristil brud» med Malene Stormyr som brud.
Men under «Norgesmeisterskapet i hår og skjønnhet» gjekk Malene heilt til topps. Ho hadde Lars Tangen frå Molde som modell og deltok i kategorien «Full fashion herre» og her vart heile inntrykket med i vurderinga, både klede, hår, sminke og catwalk. Malene fekk 88 av 90 mulege poeng og kunne gå på toppen av pallen.
-Eg hadde vald ein 40-tals stil, men enda kanskje opp med å dra den endå litt lenger i konkurransen, seier ei svært fornøgd Malene.


Lars Tangen var modell for Malene Stølen då ho fekk 1. premie i NM.

Relaterte innlegg:

  • Ingen relaterte innlegg funnet

About the Author